Faktaboks

Hovudstad
Gibraltar
Innbyggjartal
39 000 (2024)
Storleik
10 km²
Statsform
del av Storbritannia
Statsoverhovud
Storbritannias monark
Språk
engelsk
Nasjonaldag
10. september (1967)
Valuta
gibraltarsk pund
Flagg
plassering av Gibraltar på jordkloden. Kart
Gibraltar (mørkegrønt) ligg i Europa (lysegrønt).
Kart
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Gibraltar er eit område og ein by sør i Europa som tilhøyrer Storbritannia. Området grenser til Spania.

Natur og klima

Luftfoto av Gibraltar.
Gibraltar er ein odde ut i havet. Eit kallenavn på Gibraltar er «The Rock» (Steinen, på norsk). Odden stuper bratt ned mot sjøen i aust og skrånar slakare mot vest, der byen Gibraltar ligg.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Gibraltar ligg på ei halvøy mellom Gibraltarbukta og Middelhavet. Byen er kjend for klippa The Rock. Ho er 426 meter høg og stuper bratt ned mot sjøen. Klippa har fleire grotter og mange tunnelar som vart laga til militæret.

Gibraltar er det einaste staden i Europa der det lever ville aper. Folk har sett over 300 fugleartar i området, og kvar vår og haust flyg mange tusen trekkfuglar forbi. I havet utanfor kysten finst det delfinar, kvalar og mange ulike fiskeslag.

Gibraltar har eit klima med varme somrar og milde vintrar.

Folk og kultur

Gibraltar er ein av dei stadene i verda der folk bur tettast. Rundt 75 prosent av befolkninga blir kalla gibraltarar og er statsborgarar i Storbritannia. Mange har bakgrunn frå Italia, Portugal og Malta.

Engelsk er offisielt språk, men det blir òg snakka spansk, italiensk og portugisisk. Kristendom er den største religionen. Tre firedelar av dei kristne tilhøyrer Den katolske kyrkja.

Grunnskulen er gratis, og alle barn må gå på skule frå dei er 4 til dei er 15 år. Skulen fylgjer det britiske skulesystemet. Det finst ikkje høgskular eller universitet i Gibraltar, så mange reiser til Storbritannia for å studere vidare.

Fotball er den mest populære idretten mellom barn og ungdom.

Politikk og økonomi

Gibraltar er eit britisk oversjøisk område. Det betyr at området høyrer til Storbritannia, men har noko sjølvstyre og ei eiga regjering. Den britiske kongen er statsoverhovud, men har ein guvernør i Gibraltar som representerer Storbritannia.

Gibraltar bestemmer sjølv i dei fleste saker, men Storbritannia har ansvar for forsvar og utanrikspolitikk.

Mange menneske i Gibraltar jobbar med finans, handel og turisme. Inntektene kjem mellom anna frå skipsfart, bankverksemd og besøk frå turistar.

Historie

Det har budd menneske i Gibraltar i fleire tusen år. Frå år 711 vart området styrt av maurarar som kom frå Nord-Afrika. På 1400-talet tok Spania kontroll over området.

I 1704 tok soldatar frå Storbritannia kontroll over Gibraltar. I 1713 vart området ein del av Storbritannia gjennom ein avtale mellom fleire land.

Etter andre verdskrigen la Spania fram krav fleire gonger om å få Gibraltar tilbake. I fleire folkerøystingar har innbyggjarane sagt nei til å bli ein del av Spania.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Even Sandvik Underlid
Ph.d., Universitetet i Bergen