chinchilla
Beskriving
Chinchillaer er større enn ekorn, men mindre enn marsvin. Dei veg omkring ein halv kilo.
Korthalechinchilla er størst og har tjukkare kropp. Han er litt meir enn 30 centimeter lang. Halen er omtrent halvparten så lang som kroppen. Chilechinchilla er litt mindre og har litt kortare hale.
Chinchillaer har ganske stort hovud med store, runde øyre. Chilechinchilla har størst øyre. Snuten har mange vêrhår som kan bli 10 centimeter lange.
Chinchillaer har mjuk, gråleg pels som er tettare enn på noko anna pattedyr. Pelsen er lysare på magen enn på ryggen. På halen er pelsen lang.
Levevis
Chinchillaer lever i hòler eller i sprekkar mellom steinar. Korthalechinchilla kan leve opp til 6000 meter over havet.
Chinchillaer et ulike plantar og av og til insekt. Dei et mellom anna frø, nøtter, frukt, gras og blomar. Dei lever i tørre område og får i seg vatn gjennom maten. Av og til drikk dei dogg.
Chinchillaer sit ofte på bakbeina med forbeina opp, slik som kaninar. Dei bruker hendene til å putte mat i munnen når dei et.
Chinchillaer er sosiale dyr. I naturen bur dei i store flokkar med opp til 100 dyr. Dei er aktive om natta. Dei bruker vêrhåra til å finne fram i mørket.
Formeiring
Chinchillaer blir kjønnsmodne når dei er åtte månader gamle. Hoa er drektig i rundt fire månader etter paring. Det er lenge for så små dyr. Ungane er ferdig utvikla, med pels, tenner og opne auge, når dei blir fødde. Det er i gjennomsnitt to ungar i eit kull. Ungane drikk mjølk frå mora i seks veker, men dei kan òg ete plantar med ein gong.
Ein tam chinchilla kan bli opp til 20 år. I naturen lever dei kortare.
Truga artar
Før fanst chinchilla i eit stort område av Andesfjella i Sør-Amerika. No finst dei berre nokre stader i Chile. Det vart jakta så mykje på dei på grunn av pelsen, at dei vart nesten utrydda.
Begge artane av chinchilla er rekna som sterkt trua på raudlista. Dei er mest trua av gruver og landbruk i områda der dei lever. Det blir framleis fanga dyr som blir brukt i pelsoppdrett. Pelsen blir då brukt til å lage klede.
Kjæledyr
Chinchillaer blir òg haldne som kjæledyr. Dei er svært aktive, og det kan vere mykje arbeid med å få dei til å trivast. Dei er veldig nysgjerrige og klatrar mykje rundt. Dei bør vere fleire saman.