Isay
Utsjånad
| Isay | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | 57°31′N 6°39′W / 57.52°N 6.65°W |
| Øygruppe | Indre Hebridane |
| Areal | 0,6 km² |
| Høgaste punkt | 28 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Highland |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Isay (skotsk-gælisk Ìosaigh) er ei busetnadslaus øy i Indre Hebridane utanfor vestkysten av Skottland. Ho ligg i Loch Dunvegan, 1 km nordvest for Skye. Dei to mindre øyane i Mingay og Clett ligg i nærleiken. Namnet kjem frå norrønt ise-øy som tyder «niseøya». Øya Lampay ligg i sør.

Tidleg på 1800-talet budde det kring 90 menneske øya og ho hadde ein butikk og fiskestasjon. Som mange andre mindre øyar i området, vart øyfolket tvungne bort under Highland clearances for å gje rom til sauene. Øya vart ein kort periode eigd av songaren Donovan i 1980-åra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Isay» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2010.