Hopp til innhald

NUTS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NUTS (engelsk Nomenclature of Territorial Units for Statistics, opphavleg frå fransk nomenclature des unités territoriales statistiques) er ein standardkode for administrative understatlege einingar til bruk i Eurostat-statistikk. Standarden blei utvikla av EU, og dekkjer derfor berre medlemslanda i detalj. Eurostat har òg utvikla eit hierarki for alle søkjarland etter 1980, men denne delen av standarden er ikkje endeleg fastlagd. Kodane treng ikkje å samsvare med dei reelle administrative einingane i landa. Dette kjem mellom anna av at ein ved grenseendringer ofte held fast ved dei gamle einingane i statistisk samanheng, for å kunne samanlikne målingar over tid.

  • NUTS 0: To bokstavar som identifiserer landet. Denne delen av koden svarer til ISO 3166-1, bortsett frå at Storbritannia bruker UK i staden for GB.
  • NUTS 1: Eitt siffer eller éin bokstav som identifiserer ei understatleg eining. Nummereringa startar med 1, og etter 9 held ein fram med bokstavar. Nivået dekkjer dei same einingane som ISO 3166-2, men med andre kodar.
  • NUTS 2 / NUTS 3: Nivå under dette blir gitt med siffer. Der det er for mange einingar til å bruke eitt siffer, lagar ein kunstige samanslutningar av einingar. NUTS 2 vil derfor ofte ikkje referere til eksisterande administrative einingar.[1]

Til dømes er koden for Portsmouth i England bygd opp slik:[2]

Utanfor EU

[endre | endre wikiteksten]

Den tilsvarande standarden i Sambandsstatane heiter FIPS.

Det er nokre avvik i koden:

Norsk bruk

[endre | endre wikiteksten]

I norsk statistikk svarer fylka til NUTS 3-nivået. Statistisk sentralbyrå har òg produsert statistikk på NUTS 2-nivå, med ei inndeling av Noreg i sju regionar.[2] SSB har òg gjort framlegg om ei inndeling på NUTS 4-nivå, med Noreg delt inn i 90 økonomiske regionar.[3] Eurostat opererer ikkje med NUTS 4, men har i staden to lokale inndelingar, LAU1 og LAU2 (frå engelsk Local Administrative Unit). Norske kommunar ville tilsvare NUTS 5-nivå, eller LAU2.[4]

  1. ↑ «NUTS: Background». eurostat. Henta 16. mars 2022.
  2. 1 2 «NUTS 2021 classification». eurostat. 2021. Henta 16. mars 2022.
  3. ↑ «Standard for økonomiske regioner». SSB. oktober 2000. Henta 16. mars 2022.
  4. ↑ «Local Administrative Units (LAU)». eurostat. Henta 16. mars 2022.