Perm kraj
| Perm kraj | |||
| Пермский край | |||
| kraj | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Perm | ||
| Areal | 160 236 km² | ||
| Folketal | 2 483 633 (1. januar 2025)[1] | ||
| Språk | russisk | ||
| Tidssone | UTC +5 | ||
![]() Perm kraj 59°14′00″N 56°08′00″E / 59.233333333333°N 56.133333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Perm Krai | |||
Perm kraj[a] er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Perm, arealet er 160 236 km² og innbyggjartalet er 2 508 239 (2023). Perm kraj vart danna ved samanslåinga av Perm oblast og Komi-Permjakia den 1. desember 2005.

Perm kraj ligg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Det høgste punktet er 1469 meter over havet, og ligg i Ural-fjella.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938. Det autonome området Komi-Permjakia var underlagt Perm oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Komi-Permjakia eit eige føderasjonssubjekt, sjølv om det framleis var tilknytt Perm oblast. I oktober 2004 vart det avheldt ei folkerøysting om full samanslåing av dei to områda, og framlegget om dette fekk fleirtal.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i Perm kraj er minkande. Det minka med 4,5 % frå 1990 til 2003 (frå 3 042 000 i 1990). Dei største byane er Perm (991 200 ibuarar) og Berezniki (156 500).[2]
Den største delen av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[2]
- Russarar: 83,2 %
- Tatarar: 4,4 %
- Komi-permjakar: 3,1 %
- Basjkirar: 1,2 %
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Оценка численности постоянного населения на 1 января 2025 г. и в среднем за 2024 г. и компоненты её изменения (på russisk), Rosstat, 14. mars 2025, Wikidata Q133366769
- 1 2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010
