Hopp til innhald

Vatikanstaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vatikanstaten
Santa Sede Stato della Città del Vaticano
Status Civitatis Vaticanæ
Adjektiv: vatikansk
Motto Ikkje noko
Nasjonalsong «Inno e Marcia Pontificale»
Hovudstad Vatikanstaten
Offisielle språk italiensk,[1] latin
Flatevidd 0,44 km²
Folketal 605 (2017)[2]
Sjølvstende frå
Italia
 
 •  Laterantraktaten 11. februar 1929
Styresett Eineveldig valmonarki[3]
 •  Suveren eining Den heilage stolen
 •  Pave Leo XIV
 •  Statssekretær Pietro Parolin
Tidssone UTC +1
 •  Sommartid UTC +2
Valuta Euro
Telefonkode +379
ISO 3166-kode VA
Toppnivådomene .va
Wikimedia Commons: Vatican City

Vatikanstaten er den minste staten i verda.[4][5] Sjølv om staten er liten, er han kjend over heile verda, og han er eit viktig turistmål. Staten ligg midt i Italia sin hovudstad Roma. I likskap med staten San Marino er Vatikanstaten heilt omslutta av Italia. Vatikanstaten vart oppretta den 11. februar 1929, og har i underkant av 1 000 innbyggjarar. Han er den vesle resten etter den ein gong så mektige Kyrkjestaten.

Petersplassen framom Peterskyrkja.

Staten er formelt sjølvstendig, sjølv om det er nært samkvem med Italia, og Paven er statssjef og diktator. Vatikanstaten er på berre 0,49 kvadratkilometer, men den har sine eigne euro-myntar, eige postvesen, eigen radio- og fjernsynsstasjon, og si eiga avis (L'Osservatore Romano). I tillegg er det eigen jarnvegsstasjon, og 862 meter med jarnveg.

Hæren i Vatikanstaten, Sveitsargarden, som er paven si personlege livvakt, oppstod på 1500-talet, og er svært kjend. Hæren er sett saman av omtrent 100 sveitsargardistar.

Peterskyrkja er den mest iaugefallande og kjende bygningen i Vatikanstaten. Kyrkja er det største kyrkjebygget i verda. Ho er bygd over apostelen Peter si grav. Andre kjente bygg er Vatikanbiblioteket og Vatikanmuséa. Petersplassen framom Peterskyrkja er òg svært kjent.

Kart over Vatikanstaten.

I Vatikanstaten er det paven som styrer. Paven er den øvste leiaren for Den katolske kyrkja. Pavedømet er i høve tradisjonen innstifta av Jesus Kristus sjølv. Kort tid etter at han døydde stod Peter fram som leiar (biskop) for den kristne kyrkjelyden i Roma. Biskopen av Roma var leiaren for heile den kristne kyrkja. Etter kvart vart biskopen i Roma kalla pave. Ordet pave tyder far. Som leiar for den katolsk kyrkja må paven klargjera viktige trusspørsmål, og orda hans vert i denne samanhengen rekna som «ufeilbarlege». Kyrkja ved paveembetet vert av katolikkar sett på som ufeilbarleg når paven uttalar seg om viktige lærespørsmål.

  1. ↑ «Enciclopedia Treccani».
  2. ↑ «Vite da laici in Vaticano: sono 62 senza ius soli e col bancomat in latino».
  3. ↑ Harder, Thomas; Christiansen, Eigil; Damsager, John H. M. «Vatikanstaten» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 10. august 2026.{{cite web}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link)
  4. ↑ «Vatikanstaten» i Store norske leksikon, snl.no.
  5. ↑ «Vatican City» (på engelsk). Britannica. Henta 10. august 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Vatikanstaten