Modalen er ein kommune i Nordhordland i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring Romarheimsfjorden og den indre delen av Mofjorden, som igjen utgjer den inste armen av Osterfjorden. Kommunen er nest minst i landet etter folketal. Innanfor fjordbotnen omfattar kommunen den eigentlege Modalen, som strekkjer seg 16 kilometer i nordaustleg, seinare nordleg retning, og dessutan fjellområda på begge sider. Modalen grensar til Alver i sørvest, Masfjorden i nordvest, Høyanger og Vik i nord og Vaksdal i søraust.
Modalen blei oppretta som kommune i 1909 ved utskiljing frå dåverande Hosanger kommune. Etter Schei-komiteens innstilling fekk Modalen kommune dei noverande grensene sine i 1964, då Eksingedalen sokn blei gitt til Vaksdal kommune og Romarheimsdalen i vest til tidlegare Lindås kommune.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.