Hopp til innhald

Øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luftfoto av St Martins, ei av Scilly-øyane.
Foto: Tom Corser
Satellittbilde av Sør-Georgia.

Ei øy er eit landområde som ikkje er bunde fast til eit kontinent. Mindre øyar blir kalla holmar, medan steinar som så vidt stikk opp av havet, blir kalla skjer. Etter Dei sameinte nasjonane sin definisjon skal ikkje område som er for små til å oppretthalda busetnad, reknast som øyar.[1]

Øyar i havet kan dannast frå vulkansk aktivitet, veksa til atollar frå korallrev og dannast frå sediment langs kystar som barriereøyar. Elveøyar kan også dannast frå sediment og flytande materiale i elvar. Ei kunstig øy er ei øy laga av menneske, til dømes ved å byggja ut atollar og lagunar eller ved større landvinningsprosjekt.

Øyer husar ofte mangfaldig plante- og dyreliv. Oseaniske øyer har havet som ein naturlig barriere for introduksjonen av nye arter. Det fører til at artane som når øya, utviklar seg i isolasjon. Kontinentale øyar delar plante- og dyreliv med kontinentet dei skilde seg frå. Avhengig av kor lenge sidan den kontinentale øya blei danna, kan livet på øya ha avvika sterkt frå fastlandet på grunn av naturleg utval.

Menneske har budd på og reist mellom øyar i minst tusenvis av år. Tidlege menneske nådde nokre øyar på grunn av landbruer eller kom fram til ei kontinental øy som skilde seg frå fastlandet, eller ved hjelp av båtar. Heilt nord og heilt sør i verda er nokre øyar sesongmessig bundne saman gjennom havis.

I dag bur opptil 10 % av folka i verda på øyar. Øyer er også populære turistmål på grunn av den oppfatta naturvenleiken, isolasjonen og dei unike kulturane sine. Medan ein tidlegare berre kunne nå øyar med båt, har mange no samband med fastlandet gjennom bruer og undersjøiske tunnelar. I tillegg kan ein òg nå dei luftvegen. Det finst likevel framleis mange ferjesamband mellom øyar og fastlandet.

Det finst fleire øystatar i verda, til dømes Island, Færøyane og Storbritannia. Indonesia er den mest folkerike øynasjonen, og her ligg òg den øya det bur mest folk på i verda, Java.

Grønland blir som regel rekna som den største øya i verda, ettersom Australia er ein eigen verdsdel på si eiga jordskorpeplate.

Noreg er eit av landa i verda med flest øyar innanfor grensene sine. Andre kystnasjonar, til dømes Litauen, har ikkje ei einaste øy utanfor kysten sin.

Skilnad frå kontinent

[endre | endre wikiteksten]
Dymaxionkart av verda med kontinenta (I,II,III,IV) og dei største øyane (1–30) i omtrent same skala.

Det finst ikkje noko standard skilje mellom øyar og kontinent,[2] eller mellom øyer og holmar.[3]

Innan geologi finst det eit vidt akseptert skilje mellom øyar og kontinent.[4] Ofte reknar ein kontinent som den største landmassen på ei særskild kontinentalplate; dette gjeld til dømes Australia, som ligg på sin eigen kontinentale litosfære og kontinentalplate (den australske plata).[5]

Til skilnad blir øyar ofte sett på som del av havbotnskorpe (t.d. vulkanøyar), eller som del av jordskorpeplata til ein større landmasse (kontinentale øyar), slik som til dømes Grønland, som ligg på Den nordamerikanske plata.[6]

Typar av øyar

[endre | endre wikiteksten]

Ein kan gruppere øyar i to hovudgrupper: kontinentale og oseaniske.[7]

Kontinentale øyar

[endre | endre wikiteksten]
Satellittbilde av Grønland.

Kontinentale øyar er land over havoverflata som ligg på kontinentalsokkelen på eit kontinent.[7] Døme er Borneo, Java, Sumatra, Sakhalin, Taiwan og Hainan utanfor Asia; Ny-Guinea, Tasmania og Kenguruøya utanfor Australia; Storbritannia, Irland og Sicilia utanfor Europa; Grønland, Newfoundland, Long Island og Sable Island utanfor Nord-Amerika; og Barbados, Falklandsøyane og Trinidad utanfor Sør-Amerika.

Ein spesiell type kontinental øy er den mikrokontinentale øya, som blir skapt når eit kontinent blir rifta. Døme er Madagaskar og Sokotra utanfor Afrika, Ny-Caledonia, New Zealand og nokre av Seychellane.

Zuiderduintjes, ei av Dei frisiske øyane.

Ein annan undertype er ei øy eller banke danna ved avsetning av ørsmå bergfragment der vasstraumen over lang tid mistar noko av bereevna. Dette inkluderer:

  • barriereøyar, som er samlingar av sand avsett av sjøstraumar på kontinentalsoklane, til dømes Dei frisiske øyane langs kysten av Nederland og Tyskland.
  • fluviale eller alluviale øyar danna i elvedelta eller midtstraums i store elver. Medan nokon er forbigåande og kan forsvinne viss volumet eller farten på straumen blir endra, er andre stabile og har lang levetid.

Oseaniske øyar

[endre | endre wikiteksten]
Vulkanøya Tristan da Cunha.

Oseaniske øyar er øyar som har komme opp utanfor kontinentalsoklane. Dei aller fleste har vulkansk opphav, til dømes St. Helena i Sør-Atlanterhavet. Dei få oseaniske øyane som ikkje er vulkanske, har tektonisk opphav og oppstår der platerørsler har løfta havbotnen over overflata. Døme er St. Peter og St. Paul-øyane i Atlanterhavet og Macquarieøya i Stillehavet.

Ein type vulkansk oseanisk øy finst i ein vulkansk øyboge. Desse øyane stammar frå vulkanar der det finst subduksjon av ei jordplate under ei anna. Døme er Aleutane, Marianane og det meste av Tonga i Stillehavet. Dei einaste døma i Atlanterhavet er nokon av Dei små antillane og Sør-Sandwichøyane.

Ein annan type vulkansk oseanisk øy finst der ei oseanisk rift når overflata. Det er to døme: Island, som er verdas nest største vulkanøy, og Jan Mayen. Begge ligg i Nord-Atlanterhavet.

Ein tredje type vulkansk oseanisk øy blir danna over vulkanske søylestraumar eller «varmeflekker».[8] Ein søylestraum er meir eller mindre stasjonær i forhold til den tektoniske plata i rørsle over ho, så ei kjede med øyar blir resultatet når plata driv. Over lange periodar blir denne typen øyar til slutt «drukna» ved isostatisk justering og erodert, og endar opp som eit undervassfjell.[9] Platerørsle over ein søylestraum produserer ei linje med øyar orientert i retning av platerørsla. Eit døme er Hawaii-øyane, frå Hawaii til Kureatollen, som held fram under havoverflata i ei meir nordleg retning som Emperor-undervassfjella. Ei anna kjede med liknande orientering er Tuamotu; den eldre, nordlege forgreininga er Lineøyane. Den sørlegaste kjeda er Australøyane, med atollane i den nordlege forgreininga i øystaten Tuvalu. Tristan da Cunha er eit døme på ein søylestraumvulkan i Atlanterhavet.[10] Ein annan søylestraum ved Island er øya Surtsey, som blei danna i 1963.[11]

Andre typar øyar i havet

[endre | endre wikiteksten]
Ari-atollen på Maldivane.

Koralløyar er bygde opp av korallar over vulkanmassiv som i seg sjølve ikkje nådde over havoverflata. Døme danna frå korallrev inkluderer Maldivane, Tonga, Samoa, Nauru og Polynesia.

Ein atoll er ei øy danna frå eit korallrev som har vakse på ei erodert og nedsenka vulkansk øy.[12] Revet stig til overflata av vatnet og dannar ei ny øy. Atollar er typisk ringforma med ein sentral lagune. Døme er Linjeøyane i Stillehavet og Maldivane i Indiahavet.

Koralløyar og atollar kan ligge på eller utanfor kontinentalsokkelen.

Granittøyar[13] er øyar som korkje er ei koralløy eller ei vulkansk, oseanisk øy. Eit døme er somme av øyane i øygruppa Seychellane.[14]

Øyar i ferskvatn

[endre | endre wikiteksten]

Øyar kan vera omkransa av ferskvatn om dei ligg i innsjøar, som til dømes Helgøya i Mjøsa, eller i elvar, som IJsselmonde i Rhinen-Maas-Schelde-deltaet.

Marajó i Brasil er den største øya i verda som er fullstendig omslutta av ferskvatn. Ho ligg ved munningen av Amazonaselva.

Manitoulinøya i Huronsjøen i Canada er den største øya i verden som ligg i ein ferskvassinnsjø. Soisalo i innsjøen Saimen i Finland er den største ferskvassøya i Europa.

Kunstige øyar

[endre | endre wikiteksten]
Kansai internasjonale lufthamn i Osaka er bygd på ei kunstig øy.

Gjennom fleire hundre år har menneske skapt kunstige øyar gjennom ulike former for landvinning.[15] Eit av dei eldste dokumenterte døma på dette er då folk frå Salomonøyane skapte åtti slike øyar ved å laga haugar av stein og korall i Lau-lagunen.[15] Den eldste permanente kunstige øya er Al-Sayah i Bahrain, som blei skapt for minst 1200 år sidan av korall, østersskjel og keramikk.[16] Ein tradisjonell måte å laga øyar på er med eit dekkverk. Sandsekkar eller steinar blir frata med ein pram og slopne i sjøen for å skapa eit landområde som når like over havnivået. Øyområdet blir så fylt med sand eller grus, og så dekt med dekkverk for å halda alt saman.[17] Ein har også laga øyar ved hjelp av ein permanent senkekasse, ein struktur av stål eller betong som blir fylt med sand.[17]

Nokre moderne øyar er blitt laga ved å hella millionar tonn av sand i havet, som med Pearl Island i Qatar og Palm Islands i Dubai.[15] Oljeplattformer er også blitt omtalte som ein type kunstig øy. Nokre atollar er blitt dekka av betong for å laga kunstige øyar til militære føremål, mellom anna av Kina i Sør-Kina-havet.[15][18] Desse atollane var tidlegare berre over havyta ved lågvatn. Ifølgje Havrettstraktaten har ikkje slike øyer nødvendigvis same rettslege status som naturlege øyar, og kan dermed ikkje gje same juridiske rettar som desse.[18]

Liv på øyar

[endre | endre wikiteksten]

Øybiogeografi er eit felt som tek for seg dei økologiske prosessane som skjer på øyar, med fokus på kva faktorar som påverkar evolusjon, utrydding og artsrikdom. Forskarar studerer ofte øyar som ein isolert modell for korleis naturleg utval skjer.[19][20] Øyøkologi studerer organismar på øyar og miljøet deira. Det har gjeve viktige innsikter for det foreldrefeltet økologi sidan tida til Charles Darwin.[20]

Galapagospingvin er endemisk til Galapagosøyane.

I biologi er endemisme definert som fenomenet der artar eller slekter berre finst i eit visst geografisk område. Øyane isolerer landlevande organismar frå andre med vatn, og isolerer vasslevande organismar som lever på dei med land.[20] Økosystema på øyar har dei høgaste ratane av endemisme i verda. Dette tyder at øyane bidrar sterkt til det globale biologiske mangfaldet.[21] Område med høgt biologisk mangfald er eit prioritert mål for konservasjonsarbeid, for å førebygga utrydding av desse artane.[22] Trass i høge endemismnivå er den totale artsrikdommen, det totale talet på unike arter i eit område, lågare på øyar enn på fastlandet.[23] Nivået av artsrikdom på øyar er proporsjonalt med området på øya, eit fenomen kjent som art-areal-tilhøvet. Dette er fordi større område har fleire ressursar og dermed kan støtta fleire organismar. Populasjonar med større berekraft har òg meir genetisk mangfald, som fremjar artsdanning.[20]

An orange bat hanging upside down from a tree.
Fruktflaggermusa Pteropus seychellensis har ei viktig rolle i å spreia frø frå tre mellom øyar, ei form for havspreiing.[24]

Øyar som aldri har vore landfaste med eit kontinent, oseaniske øyar, kan berre bli koloniserte av organismar som er i stand til å kryssa havet. Difor må alle dyreartar som finst på slike øyar, ha kome dit anten ved å flyge, slik som fuglar og flaggermus, ved å bli frakta av slike dyr som flyg, eller ved å drive over havet i havstraumar på flytande trestammar, eller på matter av vegetasjon eller anna naturleg materiale. Dette fenomenet er kjent som havspreiing.[25] Tropiske syklonar har kapasitet til å transportera arter over store avstandar.[26] Dyr som skjelpadder kan leva i fleire veker utan mat eller vatn, og kan overleva på flytande føde i havet.[27] Ein studie frå 1995 viste at femten iguanar overlevde ei 300 km lange reise til Anguilla i Karibia, ei øy som ingen iguan hadde levd på før. Dei overlevde ved å flyta på ein masse av flytande tre felte av ein storm.[28] Ein trur at plantar kan flytta seg i store avstandar av hav. New Zealand og Australia har 200 innfødde planteartar til felles, sjølv om det er 1500 km mellom dei.[25]  

Kontinentale øyar, øyar som på eit tidspunkt ha vore knytte til eit kontinent, er forventa å ha ei felles historie med plante- og dyreliv fram til det tidspunktet då øya blei skild frå kontinentet.[25] Til dømes tyder nærværet av ferskvassfisk på ei øy omringa av hav at ho ein gong var knytt til eit kontinent, sidan desse fiskene ikkje kan kryssa havet på eigne.[20] Over tid endrar evolusjon og utrydding dyrelivet på ei kontinental øy, men berre etter at ho er skild frå fastlandet. Eit døme er Nothofagus eller sørbøk, eit tre som finst i Australia, New Zealand, delar av Sør-Amerika og Ny-Guinea, som i dag er langt unna kvarandre geografisk. Ei mogleg forklaring på dette fenomenet er at desse landmassane ein gong var del av kontinentet Gondwana og blei skilde av tektonisk drift. Det finst likevel konkurrerande teoriar om at denne gruppa tre kan ha nådde fjerne stadar gjennom havspreiing.[25]

Evolusjon på øygrupper

[endre | endre wikiteksten]
Adaptiv stråling av fink A (Geospiza magnirostris) til tre andre artar av finkar på Galapagosøyane. Utan andre fuglar på øyane fylte galapagosfinkar nye nisjer. Dei frø-etande nebba deira utvikla seg til å kunna handtera føde som nøtt, frukt og insekt.

Artar som koloniserer øygrupper viser ein spesifisert eigenskap kjent som adaptiv stråling. I denne prosessen blir ein art som kjem til ei gruppe øyar raskt meir variert over tid, og delar seg opp i nye artar eller underartar. Ein art som når eit øy-økosystem kan få lite konkurranse om ressursar, eller kan finna at ressursane som han hadde i det føre leveområdet sitt ikkje er tilgjengelege. Desse faktorane fører saman til individuelle greiner i evolusjonen med ulike strategiar for å overleve.[29]

Det klassiske dømet på dette er galapagosfinkar, ei gruppe på opptil femten tanagarartar som er endemiske for Galápagosøyane.[30] Desse fuglane utvikla ulike nebb for å kunna eta ulike former for mat som er tilgjengelege på øyane. Storjordsproven har eit stort nebb som blir brukt til å knusa frø og eta frukt. Genovesakaktussporv føretrekk kaktus som matkjelde, og har nebb som er utforma for å fjerne kjøt og blomar frå kaktusar. Grønkantorsporv et edderkoppar og insekt som lever på planter.[29] Andre døme på dette fenomenet finst over heile verda, inkludert på Hawaii og Madagaskar, og er ikkje avgrensa til øy-økosystem.[29]

Øyregelen

[endre | endre wikiteksten]
Den utdøydde dronten er eit døme på øygigantisme.

Artar som er endemiske for øyar viser ein felles evolusjonær bane. Foster-regelen eller øyregelen seier at små pattedyr, som gnagarar, utviklar seg til å bli større på øyar. Dette er kjent som øygigantisme. Eit mogleg døme er kjempeskjelpadde frå Seychellane, sjølv om det ikkje er kjent om ho vaks i storleik før eller etter at ho kom til øya. Større dyr som flodhestar har ein tendens til å bli mindre, slik som dvergflodhest. Dette er kjent som øydvergvekst.[31] Når det gjeld mindre dyr er det lagt fram ein hypotese om at dyr på øyar kan ha færre predatorar og konkurrentar, som fører til eit utvalspress mot større dyr. Når det gjeld større dyr kan dei raskt utnytta matressursar på grunn av storleiken sin, og føra til underernæring hjå ungar, og dette fører til utvalspress for mindre dyr som treng mindre mat. Færre predatorar ville bety at desse dyra ikkje trong vera store for å overleva.[31]

Darwin, Galápagos og naturleg utval

[endre | endre wikiteksten]

Charles Darwin utforma teorien om naturleg utval gjennom studiet av øyøkologi.[20] Artane han såg på Galápagosøyane, inkludert tanagarfuglar, bidrog til forståinga hans av korleis evolusjon fungerer.[32] Han kom fyrst til øyane som naturforskar på HMS «Beagle» i 1835, som del av ei femår lang jordomsegling. Han skreiv at «dei ulike øyane i stor grad er bebudde av eit anna sett vesen.»[33] Gjennom studiet av tanagarane og andre dyr skjøna han at organismar overlevde ved å endra seg for å tilpasse seg habitatet sitt.[33] Det gjekk over tjue år før han publiserte teoriane sine i On the Origin of Species.[34]

Øyar og menneske

[endre | endre wikiteksten]

Historisk utforsking

[endre | endre wikiteksten]
Kronologisk spreiing av austronesiske folkeslag.[35]

Dei fyrste spora av at menneske koloniserte øyar kjem frå eldre steinalder, for 100 000 til 200 000 år sidan. For å nå dei indonesiske øyane Flores og Timor ville det ha vore nødvendig å krysse havstrekningar på minst 29 km.[36] Nokre øyar, som japanske Honshu, var truleg knytte til fastlandet med ei landbru som lét menneske vandra over før ho blei til ei øy.[36]

Dei fyrste folka til å slå seg ned på fjerne øyar i havet var polynesiarar.[37] Mange av dei tidlegare øyane som var blitt folkesette hadde reiseavstandar på under 100 km, medan polynesiarane kan ha drege 2000-3200 km for å slå seg ned på øyar som Tahiti.[36] Dei sende navigatørar ut på havet utan hjelp av navigasjonsinstrument for å oppdaga nye øyar å busetja seg på.[37][38] Mellom 1100 og 800 f.Kr. sigla polynesiarar aust frå Ny-Guinea og Salomonøyane og kom til øyane som utgjer dagens Fiji og Samoa.[39] Den lengste delen av denne migrasjonen ville vore Påskeøya i aust og New Zealand i sør, med den første busetnaden på New Zealand datert til mellom 1250 og 1300.[40]

Historikarar har prøvd å forstå kvifor nokre fjerne øyar alltid har vore folketomme, medan andre, særleg i Stillehavet, har vore folkesette i lang tid.[36] Vanlegvis er større øyar meir sannsynlege for å kunna støtta folkesetnad, og det er dermed meir sannsynleg at folk slår seg ned der. Små øyar som ikkje kan støtta ein folkesetnad på eiga hand kan likevel vera moglege å bu på dei ligg nær nok ei øy som har nok ressursar til å vera berekraftig.[36] Nærværet av ei øy er kjenneteikna av sjøfuglar, skilnader i skyer og vêrmønster, i tillegg til endringar i bølgjeretningar.[38][37] Det er òg mogleg at folkesetnaden har døydd ut på nokre øyar, og utforskarar har funne øyar med spor etter busetnad, men ikkje nokon menneske.[36]

Ikkje alle øyar var eller er folkesette av sjøfarande kulturar.[36][41] I historia kan nokre samfunn ha tapt evna til å ferdast til havs over tid, som med den opphavlege folkesetnaden på Kanariøyne, som budde der frå øyane blei oppdaga i det fyrste hundreåret til dei blei erobra av Det spanske imperiet i 1496.[41] Det er lagt fram teoriar om at sidan innbyggjarane hadde lite insentiv for handel og hadde lite eller ingen kontakt med fastlandet, trong dei ikkje båtar.[41]

Motivasjonen til å utforska øyar har vore eit tema for forsking og debatt. Nokre tidlege historikarar hevda tidlegare at tidlege øykolonisering var utilsikta, kanskje ved at ein flåte tilfeldigvis blei teken til havs.[42] Andre samanliknar motivasjonane til polynesiarane og liknande utforskarar med dei til Christopher Columbus, som segla vest over Atlanterhavet på leit etter ei alternativ rute frå Europa til Aust-India.[36] Historikarane trur at utforskarar som hadde suksess blei løna med anerkjenning og rikdom, noko som leia andre til å leita etter øyar med dårlegare resultat.[36]

Kring 10 % av menneska i verda bur på øyar.[43] Studiet av kulturen til øyar er kjent som øystudiar. Interessa for å studera øyar er på grunn av dei unike kulturane og naturmiljøa der som skil seg frå dei på fastlandet.[43] Dette er av nokre ulike grunnar. Den fyrst er den openberre politiske og geografiske isolasjonen frå fastlandskulturar.[43] For det andre kan unike avgrensingar av ressursar og økologi skapa havretta kulturar med fokus på fiske og segling.[43] For det tredje kan øyar ha langvarig historisk og politisk tyding.[43]

Brødfrukttre i Malaysia.
Åker med taroplantar, som er tradisjonell basiskost i mange øystatar.

Polynesiarar fekk det meste av proteinet i kosthaldet sitt frå fiske.[44] Polynesiarane var kjende for å fiska nær land, men også i djupvatn. Rapa Nui-folk fiska så langt unna frå kysten som 500 km, ved korallrev.[45] Ein nytta både spyd, fiskelinje og garn for å fiska,[46] og kunne fanga både tunfisk, hai og skate.[45] Øykulturar dyrka også innfødde og innførte avlingar.[41] Polynesiarane dyrka dei innfødde plantane jams, taro, brødfrukt, banan, kokos og andre frukter og grønsaker.[47] Ulike øyklima gjorde ulike ressursar meir viktige, som på dei hawaiiske øyane der ein dreiv kunstig vatning av taroåkrar,[46] medan på andre øyar som Tahiti var det vanlegare å dyrka brødfrukt og lagra henne gjennom fermentering.[48] Det er funne arkeologiske spor på at folk frå Kanariøyane togg røtene av bregnar for å få næring, ein praksis som sleit kraftig på jekslane deira.[41] Desse øybuarane dyrka også bygg og hadde husdyr som geiter.[41]

Øystatar og territorium

[endre | endre wikiteksten]

Mange øystatar har små landareal og ei avgrensa mengd naturresursar. Men desse nasjonane har kontroll over nokre av dei største fiskeria i verda, kopar, gull og nikkel, og petroleum. Naturvenleiken til øynasjonar gjer dei òg til magnetar for turistar. Øyane har òg geopolitisk verdi for marinebasar, våpentestar og generell territoriell kontroll. Eit døme er Fransk Polynesia, eit territorium som får militære investeringar og hjelp frå Frankrike.[49] Tre andre, Palau, Mikronesiaføderasjonen og Marshalløyane, er øyland i Stillehavet som har ein forsvars-, hjelpemiddel- og innvandringsavtale med USA som blir kalla Compact of Free Association.[50]

Kolonisering

[endre | endre wikiteksten]
Innbyggjarane på Bikini-atollen forlet heimen sin på grunn av atomprøvesprengingar.

Sidan dei europeiske oppdagingane av polynesiske, mikronesiske og andre øyar har desse stadane vore gjenstand for kolonisering.[51] Øyane var mål for kristne misjonærar. Desse møtte motstand, men fekk suksess hjå nokre lokale leiarar, som brukte europeisk støtte til å sentralisera makt. Frå 1500-talet av la europeiske land det meste av Oseania under kolonial administrasjon.[52] Pohnpei blei kolonisert av Spania i 1526. Ho blei teken over av Tyskland, Japan og så USA før ho blei medlem av Mikronesiaføderasjonen i 1982, og held på ein fri assosiasjon-status med USA.[53] Guam var spansk territorium fram til 1898, og er no eit ikkje-integrert territorium av USA.[54]

Etter avkolonialiseringa blei mange øystatar sjølvstendige eller fekk ei form for sjølvstyre.[55]Marshalløyane førte prøvesprengingar av kjernefysiske våpen til at mange atollar blei øydelagde eller umoglege å bu på. Dei førte til at folk blei nøydde til å forlata heimeøyane sine, og auka kreftraten grunna stråling.[51] Kolonisering har ført til tilbakegang i utøving av tradisjonelle kulturell praksis på stadar som Hawaii, der innfødde hawaiarar no er ein minoritet. Kulturelle haldningar som har samband med felles eigarskap av jord, og ein mangel på individuell avgjerdsstaking, kan gjera nokre øyar mindre tilpassa den globale kapitalistiske økonomien, og medverka til at desse nasjonane opplever mindre økonomisk vekst.[55]

An idyllic beach scene with crystal clear water and tropical trees.
Mange turistar blir tiltrekte av tropiske strender, som denne på Malapascua i Filippinane.

Øyar har lenge vore populære turistmål, takka vere dei unike klima, kulturar og naturvenleik. Øyane kan likevel lida av dårlege transportsamband frå fly og båt og belastingar på infrastrukturen frå turistaktivitet.[56] Øyar i kaldare klima er ofte avhengige av sesongmessige turistar som vil nyta naturen eller den lokale kulturen, og kan vera berre eitt aspekt av økonomien til øya. I motsetning til dette kan turisme på tropiske øyar ofte stå for mesteparten av det lokale næringslivet og bygningsmassen. Slike øyar krev til tider òg utviklingshjelp i tillegg til turismen for å sikra økonomisk vekst. Denne avhengnaden kan føra til sosial ulikskap og miljøskader. Ved nedgang i turismen har desse økonomiane slite med å erstatta dei tapte inntektene med andre industriar.[56]

Øyar i kulturen

[endre | endre wikiteksten]

Ordet «øy» stammar frå norrønt ey. Svensk og dansk har same avleiing, med resultatat ö på svensk og ø på dansk. Norske variasjonar av uttalen kan vera øyn (Øvre Valdres, Hallingdal, Agder, Indre Sogn), ø (Sør-Austfold, Stange, Ytre Rendal, Tolga), ei, æi (m.a. Eidskog, Vinger, Odal, Solør, Romedal, Stor-Elvdal, Lista, Eide på Nordmøre, Frei, Sunndal, Orkdalen, Røra, Egge, Stod, Vikna, Leka) og ein (Nes i Hallingdal).[57] Ordet finst som ledd i stadnamn for ei rekkje øyar og øygrupper, som Finnøy, Øygarden og Brønnøysund.

Det engelske ordet for øy, island, er avleidd frå gammalengelsk igland, av ig eller ieg, som tyder ‘øy’, og suffikset -land, som tyder ‘land’.[58] Stavemåten med ein s kom til på 1400-talet på grunn av mistolka etymologi forårsaka av det gammalfranske lånordet isle, som er avleidd frå det latinske ordet for øy, insula.[59][60] Fransk île og tysk Insel har same avleiing.

I overført tyding kan ein frittståande del eller eit område som minnar om ei øy bli kalla dette, som trafikkøy eller kjøkkenøy.[61]

Ulik utbreidd bruk av øyar har gjeve opphav til omgrep som fangeøy, festningsøy og karanteneøy.

Oppdikta øyar

[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje førestillingar om fjerne øyar som har spesielle eigenskapar eller samfunn, som Atlantis, dei lykkelige øyane (latin insulae fortunatae), Avalon og Tír na nÓg. Litterære førestillingar kan plassera særskilde samfunn på øyar, som Utopia av Thomas More og Lilliput og Laputa i Gullivers reiser av Jonathan Swift.

Aude øyar har ei viktig stilling i litteraturen, som bustad for Robinson Crusoe og for ein guteflokk i Lord of the Flies. Dei kan husa monster, som i The Island of Doctor Moreau og Jurassic Park. Øyar kan «representera isolasjon, men også makt utan sosiale hemmingar.»[62]

  1. «REGIME OF ISLANDS». United Nations Convention on the Law of the Sea - Part VIII. un.org.
  2. Brown, Mike (2010). How I Killed Pluto and Why It Had It Coming. New York: Random House Digital. s. 186–187. ISBN 978-0-385-53108-5. Arkivert frå originalen 19. april 2016.
  3. Royle, Stephen A. (2001). A Geography of Islands: Small Island Insularity. Psychology Press. s. 7–11. ISBN 1-85728-865-3. Arkivert frå originalen 21 September 2015.
  4. Cunningham, John M. «Is Australia an Island?». Encyclopædia Britannica (Online utg.). Arkivert frå originalen 25. januar 2019. Henta 20. august 2022.
  5. «Continent». National Geographic. National Geographic Society. Arkivert frå originalen 16. juli 2019. Henta 20. august 2022.
  6. «Island». National Geographic Society. 27. august 2012. Arkivert frå originalen 17. juni 2021. Henta 2. mai 2022.
  7. 1 2 «Island». Encyclopaedia Britannica. Henta 10. mai 2020.
  8. «hotspot» (1. juni 2016) av Inge Bryhni og Haakon Fossen i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. mai 2020.
  9. Huppert, Kimberly L.; Perron, J. Taylor; Royden, Leigh H. (3. januar 2020). «Hotspot swells and the lifespan of volcanic ocean islands». Science Advances (på engelsk) 6 (1): eaaw6906. Bibcode:2020SciA....6.6906H. ISSN 2375-2548. PMC 6938699. PMID 31911939. doi:10.1126/sciadv.aaw6906.
  10. Schlömer, Antje; Geissler, Wolfram H.; Jokat, Wilfried; Jegen, Marion (15. mars 2017). «Hunting for the Tristan mantle plume – An upper mantle tomography around the volcanic island of Tristan da Cunha». Earth and Planetary Science Letters (på engelsk) 462: 122–131. Bibcode:2017E&PSL.462..122S. ISSN 0012-821X. doi:10.1016/j.epsl.2016.12.028.
  11. Claudino-Sales, Vanda (2019), «Surtsey, Iceland», Coastal World Heritage Sites, Coastal Research Library (Dordrecht: Springer Netherlands) 28, s. 237–242, ISBN 978-94-024-1526-1, doi:10.1007/978-94-024-1528-5_35, arkivert frå originalen 21. august 2022, henta 21. august 2022
  12. US Department of Commerce, National Oceanic and Atmospheric Administration, «What are the three main types of coral reefs?», oceanservice.noaa.gov (på engelsk), henta 26. juni 2024
  13. «Landet tiden glemte». NRK Vitenskap. Henta 10. mai 2020.
  14. «Island». National Geographic nettside. Henta 10. mai 2020.
  15. 1 2 3 4 Fisher, Richard; Hirschfeld, Javier (6. januar 2022). «Why we are in 'the age of artificial islands'». www.bbc.com (på engelsk). Henta 11. juli 2024.
  16. «British archaeologists confirm Muharraq's Al Sayah island is man-made | THE DAILY TRIBUNE | KINGDOM OF BAHRAIN». DT News (på engelsk). 12. februar 2022. Henta 15. desember 2025.
  17. 1 2 Fang, Huacan; Duan, Menglan (2014). «3.7.3 The Artificial Island». Offshore operation facilities: equipment and procedures. Amsterdam; Boston: Elsevier, GPP. ISBN 978-0-12-396977-4.
  18. 1 2 Mirasola, Christopher (15. juli 2015). «What Makes an Island? Land Reclamation and the South China Sea Arbitration». Asia Maritime Transparency Initiative (på engelsk). Henta 11. juli 2024.
  19. Whittaker, Robert J.; Fernández-Palacios, José María; Matthews, Thomas J.; Borregaard, Michael K.; Triantis, Kostas A. (September 2017). «Island biogeography: Taking the long view of nature's laboratories». Science (på engelsk) 357 (6354). ISSN 0036-8075. PMID 28860356. doi:10.1126/science.aam8326.
  20. 1 2 3 4 5 6 Graham, Natalie R.; Gruner, Daniel S.; Lim, Jun Y.; Gillespie, Rosemary G. (27. juni 2017). «Island ecology and evolution: challenges in the Anthropocene». Environmental Conservation (på engelsk) 44 (4): 323–335. Bibcode:2017EnvCo..44..323G. ISSN 0376-8929. doi:10.1017/S0376892917000315.
  21. Veron, Simon; Haevermans, Thomas; Govaerts, Rafaël; Mouchet, Maud; Pellens, Roseli (12. august 2019). «Distribution and relative age of endemism across islands worldwide». Scientific Reports (på engelsk) 9 (1): 11693. Bibcode:2019NatSR...911693V. ISSN 2045-2322. PMC 6690940. PMID 31406123. doi:10.1038/s41598-019-47951-6.
  22. Harrison, Susan; Noss, Reed (7. januar 2017). «Endemism hotspots are linked to stable climatic refugia». Annals of Botany 119 (2): 207–214. ISSN 0305-7364. PMC 5321063. PMID 28064195. doi:10.1093/aob/mcw248.
  23. Kier, Gerold; Kreft, Holger; Lee, Tien Ming; Jetz, Walter; Ibisch, Pierre L.; Nowicki, Christoph; Mutke, Jens; Barthlott, Wilhelm (June 9, 2009). «A global assessment of endemism and species richness across island and mainland regions». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 106 (23): 9322–9327. Bibcode:2009PNAS..106.9322K. ISSN 0027-8424. PMC 2685248. PMID 19470638. doi:10.1073/pnas.0810306106.
  24. Gerlach, Justin (2004). «The bats of Silhouette Island, Seychelles» (PDF). Phelsuma 12: 78–90 via Nature Protection Trust of Seychelles.
  25. 1 2 3 4 de Queiroz, Alan (February 2005). «The resurrection of oceanic dispersal in historical biogeography» (PDF). Elsevier 20 (2) via Elesevier Science Direct.
  26. «Intensifying hurricanes are helping invasive species spread across the U.S.». Animals (på engelsk). Henta 11. juli2024.
  27. «How rafts helped primates rule the world». www.bbc.com (på engelsk). Henta 13. juli 2024.
  28. Censky, Ellen J.; Hodge, Karim; Dudley, Judy (1998). «Over-water dispersal of lizards due to hurricanes». Nature (på engelsk) 395 (6702): 556. Bibcode:1998Natur.395..556C. ISSN 1476-4687. doi:10.1038/26886.
  29. 1 2 3 Lovette, Irby. «Why Evolution Goes Wild on Islands: The Science of Adaptive Radiation». All About Birds (på engelsk). Henta 13. juli 2024.
  30. Sato, Akie (1. mars 2001). «On the Origin of Darwin's Finches». Molecular Biology and Evolution 18 (3): 299–311. PMID 11230531. doi:10.1093/oxfordjournals.molbev.a003806. Henta 13. juli 2024.
  31. 1 2 Tyson, Peter. «Gigantism & Dwarfism on Islands». www.pbs.org (på engelsk). Henta 13. juli 2024.
  32. MacPherson, Rick. «Darwin's Islands». American Scientist (på engelsk). Henta July 11, 2024.
  33. 1 2 Helmuth, Laura. «Evolution World Tour: Galápagos Islands, Ecuador». Smithsonian Magazine (på engelsk). Henta July 14, 2024.
  34. Stix, Gary. «Darwin's Living Legacy--Evolutionary Theory 150 Years Later». Scientific American (på engelsk). Henta 14. juli 2024.
  35. Chambers, Geoffrey K. (2013). «Genetics and the Origins of the Polynesians». Encyclopedia of Life Sciences. ISBN 978-0-470-01617-6. doi:10.1002/9780470015902.a0020808.pub2.
  36. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 Keegan, William F.; Diamond, Jared M. (1. januar 1987), Schiffer, Michael B., red., «2 - Colonization of Islands by Humans: A Biogeographical Perspective», Advances in Archaeological Method and Theory (San Diego: Academic Press): 49–92, ISBN 978-0-12-003110-8, doi:10.1016/b978-0-12-003110-8.50005-0, henta 3. juli 2024
  37. 1 2 3 «Polynesia's Genius Navigators». www.pbs.org (på engelsk). Henta June 28, 2024.
  38. 1 2 Gatty, Harold (1943). The Raft Book (2. utg.). New York City: George Grady Press. s. 10, 48, 54–56.
  39. Lewis, David (May 1, 1994). We, the Navigators: The Ancient Art of Landfinding in the Pacific (på engelsk) (Second utg.). University of Hawaii Press. s. 8. ISBN 978-0-8248-1582-0.
  40. «Pacific voyaging and discovery». New Zealand History. Manatū Taonga — Ministry for Culture and Heritage. Henta 26. juni 2024.
  41. 1 2 3 4 5 6 Cornwall, Warren (8. februar 2024). «A thousand years of solitude». Science 383 (6683): 580–584. Bibcode:2024Sci...383..580C. PMID 38330134. doi:10.1126/science.ado5092. Henta 29. juni 2024.
  42. Bird, Michael I.; Condie, Scott A.; O'Connor, Sue; O'Grady, Damien; Reepmeyer, Christian; Ulm, Sean; Zega, Mojca; Saltré, Frédérik; Bradshaw, Corey J. A. (17. juni 2019). «Early human settlement of Sahul was not an accident». Scientific Reports (på engelsk) 9 (1): 8220. Bibcode:2019NatSR...9.8220B. ISSN 2045-2322. PMC 6579762. PMID 31209234. doi:10.1038/s41598-019-42946-9.
  43. 1 2 3 4 5 Ma, Guoqing (October 16, 2020). «Islands and the world from an anthropological perspective». International Journal of Anthropology and Ethnology (på engelsk) 4 (1). ISSN 2366-1003. doi:10.1186/s41257-020-00038-x.
  44. Dewailly, Eric (2008). «Fish consumption and health in French Polynesia» (PDF). Asia Pac J Clin Nutr 17 (1): 86–93. PMID 18364332.
  45. 1 2 «Polynesian culture - Kinship, Social Hierarchy | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 5. juli 2024.
  46. 1 2 Tiare Tuuhia, Hakai. «How an Ancient Practice Aids Marine Conservation». Smithsonian Magazine (på engelsk). Henta 13. juli 2024.
  47. Haden, Roger (August 10, 2009). Food Culture in the Pacific Islands (på engelsk). Bloomsbury Publishing USA. s. 59–67. ISBN 978-0-313-34493-0.
  48. «The island fruit that caused a mutiny». www.bbc.com (på engelsk). Henta 13. juli 2024.
  49. Fairbairn, Te'o I.J. (1991). The Pacific Islands: Politics, Economics, and International Relations. University of Hawaii Press. s. 1–11. ISBN 0-86638-140-6.
  50. «U.S. passes renewed Compact with Marshall Islands, other Pacific nations». KUAF 91.3 (på engelsk). Henta 31. januar 2025.
  51. 1 2 «Historical Background: Colonization of Pacific Islands». Geriatrics (på engelsk). Henta July 8, 2024.
  52. «Australia and Oceania: Human Geography». education.nationalgeographic.org (på engelsk). Henta 13. juli 2024.
  53. Ragone, Diane; Lorence, David H.; Flynn, Timothy (2001). «History of Plant Introductions to Pohnpei, Micronesia and the Role of the Pohnpei Agriculture Station». Economic Botany 55 (2): 290–324. Bibcode:2001EcBot..55..290R. ISSN 0013-0001. JSTOR 4256429. doi:10.1007/BF02864566.
  54. Herman, Doug. «A Brief, 500-Year History of Guam». Smithsonian Magazine (på engelsk). Henta 13. juli 2024.
  55. 1 2 Fairbairn, Te'O IJ. «Pacific Islands: politics, economics, and international relations». scholarspace.manoa.hawaii.edu. s. 15, 42. Henta July 8, 2024.
  56. 1 2 Brown, Keith G.; Cave, Jenny (January 1, 2010). G. Brown, Keith; Cave, Jenny, red. «Island tourism: marketing culture and heritage – editorial introduction to the special issue». International Journal of Culture, Tourism and Hospitality Research 4 (2): 87–95. ISSN 1750-6182. doi:10.1108/17506181011045163.
  57. «øy», Norsk Ordbok (Språkrådet og Universitetet i Bergen), henta 14. juni 2026
  58. Ringe, Don (2006). From Proto-Indo-European to Proto-Germanic (PDF). A Linguistic History of English (på engelsk) (1st utg.). New York by: Oxford University Press. s. 109. ISBN 978-0-19-928413-9. OCLC 64554645. OL 7405151M. Wikidata Q131605459.
  59. «Island». Dictionary.com. Arkivert frå originalen 7. mars 2007. Henta 5. mars 2007.
  60. Wedgwood, Hensleigh (1855). «On False Etymologies». Transactions of the Philological Society (6): 66. Arkivert frå originalen 6. november 2018. Henta 22. september 2018.
  61. «øy_2», Det Norske Akademis ordbok (Det Norske Akademi for Språk og Litteratur)
  62. Hayne, Barrie (2005), «Island Milieu», The Oxford Companion to Crime and Mystery Writing (Oxford Reference), «Islands represent isolation, but also power exercised without social inhibition.»

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Øy