Tilcayo
| Tilcayo | |
Tilcayo | |
| Status | |
| Status i verda: Datamangel | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
| Familie: | Felidae |
| Slekt: | Leopardus |
| Art: | Tilcayo L. tilcayo |
| Vitskapleg namn | |
| Leopardus tilcayo | |
Tilcayo (Leopardus tilcayo) (spansk uttale: [tilˈkaʝo]), er ein art av små kattedyr i slekta Leopardus som er heimehøyrande i Bolivia. Arten vart identifisert gjennom ein genetisk studie av tigerkattar som vart publisert i september 2026, og er den første nolevande kattearten som formelt er skildra sidan 1923.[1] Tilcayoen var allereie kjend av lokale samfunn under dette namnet. Han liknar i utsjånad på andre artar av tigerkattar, som margay (Leopardus tigrina), men at han utgjer ein genetisk særskild populasjon var ikkje dokumentert av zoologar før studien frå 2026.[2]
Oppdaginga
[endre | endre wikiteksten]Tilcayoen er den første nye kattearten som er formelt skildra som art sidan pampaskatten Leopardus fasciatus vart identifisert i 1923.[1] Tilcayoen var allereie kjend av lokale samfunn, men var ikkje vitskapleg stadfesta som genetisk skild frå andre tigerkattartar.[3]
Biologen og National Geographic Society-utforskaren Paola Nogales-Ascarrunz kom først i kontakt med arten i 2016, då Senda Verde Wildlife Sanctuary i Bolivia kontakta henne om ein katt som var blitt tatt inn der. I om lag eit år før dette hadde katten budd hos ein mann i La Paz, som hadde funne han som kattunge og først trudde at han var ein tamkatt, før han innsåg at han trong stell ved eit senter for ville dyr. I denne perioden hadde mannen prøvd å fôre katten med «nudlar, ris og egg».[4] Nogales-Ascarrunz vart interessert i katten og fotograferte han. På dette tidspunktet meinte ho at han var eit uvanleg utsjåande individ av den nærskylde arten Leopardus tigrinus.[1]
I 2019, medan Nogales-Ascarrunz arbeidde med eit hefte om kattedyra i Bolivia, innsåg ho at individet frå dyrevernsenteret såg ut til å skilje seg frå L. tigrinus.[1] I 2026 vart tilcayoen identifisert som ein eigen art ved hjelp av genomisk analyse.[5]
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Tilcayoen vart funnen nær byen Arapata i provinsen Nor Yungas i departementet La Paz, 1570 meter over havnivå.[6] Lokaliteten ligg i det fjellrike yungas-skogområdet i Bolivia, ein tåkeskog. Dette er i den austlege skråninga av Andesfjella.[1]
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Ein genetisk analyse av 38 kattar frå Sør- og Mellom-Amerika, mellom dei 26 individ frå Leopardus tigrinus-komplekset, viste at tigrinus-komplekset består av fem særskilde artar, mellom dei L. tilcayo. Arten skal ha skilt lag frå andre Leopardus-artar for meir enn 1,4 millionar år sidan.[6] Studien omfatta genetisk materiale frå tigerkattar frå Guyanaregionen som tidlegare ikkje hadde vore undersøkte, nær området der L. tigrinus opphavleg vart skildra i 1775. Jonas Lescroart, evolusjonsøkolog ved Universiteit Antwerpen og ein av dei to hovudforfattarane av studien, kalla studien «den mest omfattande genetiske studien til no» av tigerkattar.[7]
Kjenneteikn
[endre | endre wikiteksten]Pelsen til tilcayoen er lyst brun med uregelmessig forma rosettar.[3] Rosettane er store og mørkebrune til svarte; dei er for det meste opne eller delvis lukka og flyt ikkje saman.[6] Arten har òg korte, runde øyre, lange vêrhår og eit samantrekt andlet. Som mange andre artar i slekta Leopardus er han mindre enn ein tamkatt.[1] Kroppslengda er 42,5–50 cm, medan halen er 25–26,5 cm lang. Vekta er 1,5–2,0 kg.[8]
Tilcayoen liknar andre tigerkattartar. Tigerkattane blir rekna som kryptiske artar, ettersom dei ulike artane liknar kvarandre og er vanskelege å skilje frå kvarandre berre på grunnlag av morfologiske kjenneteikn.[9]
Økologi og åtferd
[endre | endre wikiteksten]Per september 2026 er lite kjent om åtferda til tilcayoen. Restar av smågnagarar i avføringsprøver viser at slike dyr inngår i føda til arten, og opptak frå viltkamera tyder på at arten kan vere mest aktiv om natta.[3]
Vernestatus
[endre | endre wikiteksten]Per september 2026 er L. tilcayo ikkje formelt vurdert på IUCN si raudliste. IUCN anerkjenner på dette tidspunktet to tigerkattartar, L. tigrinus og L. guttulus, som begge er klassifiserte som sårbare.[7] Ifølgje Jonas Lescroart, ein av hovudforfattarane av studien, delte forskargruppa resultata sine med IUCN før ei planlagd ny vurdering av tigerkattane.[7] Medforfattaren av studien Tadeu de Oliveira, økolog ved Universidade Estadual do Maranhão i Brasil, uttalte at tigerkattartane som vart identifiserte i studien, lever i habitat som «forsvinn raskt».[4]
Det same individet som Nogales-Ascarrunz først fekk kjennskap til, levde framleis i verna fangenskap ved dyrevernsenteret La Senda Verde i Bolivia i 2026. Katten er ti år gammal og har fått tilnamnet «Tigrino».[10]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 4 5 6 Bittel, Jason (17. september 2026). «Meet the First New Cat Species Discovered in 100 Years». National Geographic. Arkivert frå originalen 17. september 2026. Henta 22. september 2026.
- ↑ Lescroart et al. 2026, s. 6: "This species is named after the local name "tilcayo" used for this felid, which is widely known in the Bolivian Yungas zone. The name is treated as an unchanged noun in apposition."
- 1 2 3 Serafinko, Marta (17. september 2026). «New cat species identified in Bolivia, first in over a century». Reuters. Henta 22. september 2026.
- 1 2 Bush, Evan (17. september 2026). «New wild cat species is identified for first time in 100 years, researchers say». NBC News. Arkivert frå originalen den 17. september 2026. Henta 18. september 2026.
- ↑ Lescroart et al. 2026, s. 8.
- 1 2 3 Lescroart et al. 2026, s. 6.
- 1 2 3 Cara, Ed (17. september 2026). «Scientists Discover First New Cat Species in Over a Century—and It's Love at First Sight». Gizmodo. Arkivert frå originalen den 17. september 2026. Henta 22. september 2026.
- ↑ Ferrari, O. (17. september 2026). «Scientists name a new cat species for the first time in over a century». Live Science. Arkivert frå originalen den 17. september 2026. Henta 22. september 2026.
- ↑ Simms, C. (17. september 2026). «Beautiful new cat species is first to be named in a century». New Scientist. Arkivert frå originalen den 17. september 2026. Henta 18. september 2026.
- ↑ Briggs, Helen (17. september 2026). «Spotted wildcat from Bolivian forest revealed as new species». BBC News. Arkivert frå originalen den 18. september 2026. Henta 18. september 2026.
- Denne artikkelen er ei omsetjing av «Tilcayo» frå Wikipedia på engelsk, den 22. september 2026
Siterte verk
[endre | endre wikiteksten]- Lescroart, Jonas; Nogales-Ascarrunz, Paola; Cassatt-Johnstone, Molly; Bonilla-Sánchez, Alejandra; Sartor, Caroline Charão; Angulo, Fernando; Ramirez, Jorge L.; de Oliveira, Larissa Rosa; de Oliveira, Tadeu Gomes; Shapiro, Beth; Aliaga-Rossel, Enzo; Svardal, Hannes; Eizirik, Eduardo (17. september 2026). «Phylogenomics and museomics reveal five distinct species of tiger cats in South America». Current Biology: 1–15. doi:10.1016/j.cub.2026.08.059. ISSN 0960-9822. PMID 42753727. Arkivert frå originalen den 17. september 2026. Henta 17. september 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) Leopardus tilcayo hos ITIS
- (en) Kategori:Leopardus tilcayo – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Leopardus tilcayo – detaljert informasjon på Wikispecies